Velkommen til Voss jordbruksskule

Miljøfyrtårn

M I L J Ø F Y R T Å R N

I dag var ein stor dag for skulen, me fekk tildelt diplom som viser at skulen er godkjent som MILJØFYRTÅRN. Me er og den fyrste skulen i fylket som er godkjent som miljøfyrtårn og me klarte og å verta ferdige og klare for sertifiseringa før fylkesadministrasjonen.  Under tildelinga vart det sagt mykje godt om skulen si innstilling og haldning til å gripe fatt i prosjektet Med under tildelinga var representant frå Voss kommune kommunalsjef Gunnar Bergo, Koordinator for miljøsertifisering hjå fylket Per Svae, Seksjonssjef opplæring Berit Roksvåg og  Ingvill N. Hildal og frå opplæringsavdelingen.

Det var rektor Svein Inge Styve som tok imot diplomen, men han ville spesielt trekke fram Trond Håvard Bjørnstad som den store ildsjela for gjennomføring av prosjektet. Og han poengterte vidare at alle på skulen, både elevar og tilsette hadde vist stor vilje til at me var komme i mål.

Berit Rogsvåg hadde og med helsing frå opplæringsdirektøren, ho var stolt av skulen vår.

Berit hadde og med ei pengegåve til rektor som har vore tilsett i fylkeskommunen i 25 år.