Miljøfyrtårn sine bransjekrav tek for seg ulike miljøtema:
- Internkontroll HMS - Arbeidsmiljø - Innkjøp og materialbruk - Energibruk - Transport - Avfalls- og utslippshandtering - Årleg miljørapport
Den enkelte verksemda finn i samarbeid med ein miljøkonsulent fram til løysningar og blir einige om tiltak. Alle tilsette bør vera med i miljøfyrtårnarbeidet for å få eit godt resultat. Når verksemda har oppfylt bransjekrava og laga ein miljørapport, vil ein offentleg sertifisør godkjenne verksemda som då får eit sertifikat og kan nytte ein logo. Sertifikatet er gyldig i 3 år.
Ein forenkla oversikt over miljøfyrtårnkrava som er aktuelle for fylkeskommunen sine einingar er vedlagt. Alle einingar skal oppfylle dei generelle miljøfyrtårnkrava og i tillegg bransjekrav t.d. for kontorverksemd, vidaregåande skule, tannlegekontor og administrerande transportverksemd.