Velkommen til Voss jordbruksskule

Fordjupningsoppgåve

Elevane skal gjennomføre eit arbeid med ei sjølvvalt fordjupningsoppgåve.

Det er viktig å finne noko du likar å lese og jobbe med. Det er også lurt å velje eit emne det er greitt å få tak i nok stoff om. I utgangspunktet skal det velgast stoff som er så omfattande at vesentlege sider ved emnet blir fanga inn. Val av emne og presentasjonsform må avklarast med norsklæraren din.

Denne bloggposten frå Norsklærer med digitalt grensesnitt kan hjelpe deg å forstå kva som blir forventa av deg.

 

Litteratur

  • Forfattarstudium - du må ta for deg fleire bøker/teikneseriar av same forfattar og bøker/artiklar om forfattaren
  • Sjangerstudium - du må ta for deg fleire bøker/teikneseriar i sjangeren (t.d. kriminallitteratur, romantisk litteratur, fantasy) og bøker/artiklar om sjangeren
  • Epokestudium - du må ta for deg fleire forfattarar frå same litteraturhistoriske periode og bøker/artiklar om perioden og forfattarane
  • Emnestudium - du må ta for deg eit tema og fleire (ev. ein) forfattarar og bøker/teikneseriar/artiklar om emnet

 

Språk

  • Dialektar
  • Stadnamn/personnamn
  • Språkhistoriske emne
  • Språksosiologi

 

Media

  • Skjønnlitteratur og film - samanlikning
  • Filmanalyse - samanlikning
  • Analyse av reklame
  • Språk/innhald/stilistikk i radio, fjernsyn, bloggar, m.m.

 

Nettsider som kan hjelpe deg å velje

og mange andre...

 


God kjeldebruk

Det er viktig å vere kritisk til alt materiale du finn og spesielt kritisk til det du finn på Internett.

Husk å oppgi kjelder, dvs. kva for bøker og anna materiale du har brukt.
Sjå biblioteket si side om 
kjeldebruk.

 


Bruk av biblioteket!

Biblioteket kan hjelpe deg med å finne bøkene du treng, hjelpe deg med søking på Internett og tipse om fleire gode nettstader å leite på.

  • Skjønnlitteratur (også lydbøker) - frå lånedato til innleveringsdato for oppgåva
  • Sekundærlitteratur (dvs. bøker om emnet/forfattaren) - 4 veker
  • Filmar - 1 veke. Kan fornyast
  • Biblioteket kan skaffe bøker frå andre bibliotek dersom vi ikkje har dei sjølv, men for slike bøker er det berre 4 vekers lånetid.