Velkommen til Voss jordbruksskule

Utlånsreglar

Du treng lånekort for å låne bøker o.a. materiale i biblioteket. Nasjonalt bibliotekkort får du i biblioteket ved å vise fram legitimasjon.

Alt materiale som blir tatt ut av biblioteket må registrerast! Om bibliotekaren ikkje er til stades så kan utlån registrerast på sjølvbetjeningsmaskinen som står i den delen av rommet som vender ut mot vegen.

Lånefrister

  • 2 veker for bibliotekbøker
  • 5 dager for reservelærebøker

 

                           

Bøker

Fornye lån
Dersom ingen står på venteliste, kan du fornya låna dine. Dette kan du enten utføra sjølv i Meg & mitt i websøket eller du kan henvenda deg i skranken.

Reservering
Utlånt materiale kan reserverast. Du får beskjed når utlånt materiale blir tilgjengelig for deg.


For sein tilbakelevering
Dersom bøker og anna materiale ikke blir levert tilbake i rett tid, blir det sendt purring. 1. og 2. purring går (foreløpig) via kontaktlærer. 3. purring blir sendt heim til eleven si heimeadresse. Vi har ikkje noko purregebyr.


Erstatning
Eleven er ansvarleg for materiale som er lånt. Tapt eller øydelagt materiale må erstattast. Etter 3. purring utan reaksjon frå eleven, blir det sendt rekning etter gjeldande erstatningssatsar.