Ny elevgruppe for skuleåret 2012/2013
Den nye gruppa med 7 elevar er klar etter søknad, intervju og samla vurdering av dugleikar. Gruppa har hatt møte med leiarane for opplegget, og fått tips og oppgåver som dei jobbar med i sommar. Me har ei svært godt motivert elevgruppe, og elevane har mykje god hestelæring og hardt arbeid å gleda seg til.
Torsdag 7.juni kl 1900 er det møte for elevar og føresette på skulen ang opplegget for kommande gruppe som reiser ned til Ungarn i midten av september.
Kisbabolna nov 2011 :
Dei 7 elevane er på plass i Kisbabolna. Elevane reiste ned etter haustferien saman med kontaktlærar og ass.rektor. Det er eigar av rideanlegget Hedy Jakus som er ansvarleg for den praktiske gjennomføringa og opplæringa i Kisbabolna. Med seg i arbeidet har ho rektor på hesteskulen i Babolna- Zoltan Pelceder.
Elevane bur saman 2 og 3 stk på rommet i hovudbygget, og dei har her tilgang til det dei treng for fritid og undervisning. På klasserom er det sett opp videokonferanseutstyr, som vert brukt for å fylgja underv frå Norge.
Her har dei ein stor stall å halda orden på, med sine 7 treningshestar samt 20-30 andre ridehestar som dei steller. Rideundervisninga skjer i ein stor ridehall like ved, dette gjer at dei får mykje tid til aktivt arbeid med hest og slepp bruka tid på transport til dei ulike områda. I oppstartveka var elevane med på fleire ulike aktivitetar utanom skulen.
25/11 reiser kontaktlærar Kari og hestefagansv. Arild til Kisbabolna for å gjennomføra elevsamtaler, samt ta elevane med til Wien og den spanske rideskulen der. Elevane bur på ungd.herberg i Wien mandag og tysdag. Dei får med seg litt av den utruleg fine verdsbyen her før dei reiser heimatt på tysdag kveld. Lærarane returnerer til Norge på onsdag 30/11
No er elevane godt i gang, dei er svært positive og lærevillige. Me veit dei får ei topp opplæring i Kisbabolna, no er det opp til elevane å gjera dette til eit optimalt opphald.
Elevane kjem heim att til jol 16/12, og får ei veka på skulen her før joleferien
Blogg frå Kisbabolna-elevane 2011/2012 er her