Studietilbod
Voss jordbruksskule har studieretninga naturbruk, med linjene Naturbruk, Hest, KEM og Villmarksliv. Det spesielle med denne studieretninga er at den gir enten yrkeskompetanse eller generell studiekompetanse eller spesiell studiekompetanse på 3 år. På 4 år kan du få begge deler!
Studieretning naturbruk er ein utdanningsveg for dei som ynskjer å læra noko om praktisk bruk av naturen eller ynskje å kombinera praksis og teori fram til ei yrkesutdanning eller ein studiekompetanse. Er du interessert i husdyr, skogbruk, landbruksmaskiner, jordbruk, hest, skog, jakt, fiske eller forvaltning av naturen, då er dette studieretninga for deg. Enten du tenkjer deg eit praktisk yrke innanfor ulike naturbruksnæringar eller du ynskjer å studera vidare på universitet eller ein høgskule - er Voss jordbruksskule er eit godt skuleval. Som elev ved Voss jordbruksskule kan du velja mellom fylgjande ulike kurs:
|
VG 1 kurs |
VG 2 kurs |
VG 3 kurs |
|
Naturbruk |
Landbruk og gartneri |
Naturbruk eller landbruk og husdyrhald |
|
Hestefag |
Hest og hovslager |
Hest og hovslagerfaget
Studieførebuende til generell studiekompetanse |
|
Villmarksliv |
Villmarksliv |
Studieførebuende til generell studiekompetanse
|
|
KEM |
KEM |
Studieførebuende til spesiell studiekompetanse |
I tillegg til desse kursa har skulen også innleiande grunnkurs for elevar med spesielle behov. Elevane på innleiande kan bruke inntil 2 år ekstra på utdanninga si. Kontakt skulen for mer informasjon om dette tilbodet.