Velkommen til Voss jordbruksskule

Internasjonalisering

Voss jordbruksskule har hatt tilbod om internasjonalpraksis sidan 2002. I løpet av denne tida har skulen etablert eit nettverk for yrkessamarbeide og utplassering i mange europeiske land: Litauen, Slovakia,Ungarn, Spania, Italia, Austerrike og Frankrike.  Skulen oppretta òg i 2007 ei ordinær VG2 utanlandsklasse ved det Ungarske statlege stutteriet i Babolna, der elevar kan søkja om å gjennomføra VG2 Hestefag, (sjå eige sak).

Målet for skulen er at alle VG2 elevane skal få tilbod om internasjonal utplassering.   Ved at utplasseringane er knytta til Leonardo da Vinci prosjekt,  kan dei elevane som søkjer få stipend til utanlandsopphaldet. Slik vert gratisprinsippet ved utanlandsopphald gjennomført ved skulen.

For skuleåra 2014/2015 er det høve til å søkja på stipend i desse faga: VG2/VG3 Landbruk, husdyrfag; Spania, Litauen. Planteproduksjon; Spania, Italia, Ungarn. VG2 Villmark; Austerrike.