Velkommen til Voss jordbruksskule

Kontakt:

Voss jordbruksskule, Gjerde, 5710 Skulestadmo

tlf: 56532400

faks: 56532401

e-post: post.voj@post.hfk.no

Internatet

Velkomen til vårt hyggelege internat !

Internattilbodet i dag er godt, og du får både mat og hybel.  Velg eitt av dei tre alternative hybeltilboda og vi vil prøva å oppfylla ynskje ditt. Men vi kan ikkje garantera at alle får det tilbodet som dei ynskjer. Hjå oss vil du verta teken godt vare på.  Internatleiar er der for deg og ser til deg ved sjukdom, miljøarbeidarane arbeider med elevane på dei innleiande kursa våre, og nattevakta som kjem kl 22.00 kan gje ei hjelpande hand om det trengst.

Internatleiar: Nina øvstedal

56 53 24 17 /  97 77 77 42

Kjøkkensjef: Geir Helge Kristoffersen 56 53 24 07
Miljøarbeidarar: Kari Ettesvoll Ingrid Sætre, Morten Bakketun, Sølvi Nestås, Per Bergsland og Monica Schoke

56 53 24 16 / 41 58 21 11

Nattevakt: Magnar Skjerdal / Tor-Ivan Øyeflaten  95 23 46 02   
Elevinspektør: Samson Hamre 56 53 24 04
Rådgjevar: Anders Finne 56 53 24 06
Vaktmeistar/Driftsleiar: Andres  Fenne 56 53 24 20
                  

Som hybelbuar hjå oss kan du vera med på ulike aktivitetar på skuleområdet slik som volleyball, fotball eller internett.  Eller kanskje ein tur med kanoen på vatnet nedom internatet kan freista…?  

Gymnastikksalen på skulen kan elevane fritt nytta til trening og aktivitetar på kveldstid når den er ledig. Skulen prøver kvart år å organisera faste treningstider mellom anna i volleyball. Utandørs sand- volleyballbane ligg ved eit av internatbygga våre. Skulen ligg dessutan i gang- avstand frå alpinanlegga i Bavallen. Du bør ta med deg sykkel – det er mange flotte turtilbod for dei som likar å sykla. Likar du å halda på med hest? Då kan du   få vera med på stell av hest i stallen - eller kanskje ein ridetur ville vore moro?

 «Internatlivet er tett, sosialt og eit minne for livet»

Du bur ilag med ungdomar på din eigen alder, det er alltid nokon å vera ilag med. Kjøkkenpersonalet syter for god mat og drikke til frukost, middag og kvelds. Ved frukosten lagar du nistepakke til lunsj, drikke får du til lunsjen - ta med nisteboks!  Det er ikkje matservering i helgene. Mange av elevane våre vel å bu her på internatet i dei åra dei går på jordbruksskulen, dette ser vi på som eit teikn på at dei likar seg godt hjå oss.

I kantina treff du kjøkkensjefen, internatleiar,  internatassistentar og kokkelærlingar. Har du lyst på noko godt å eta - ta kontakt så kanskje det kjem på bordet…


Skulen er open heile sommaren, så vi kan alltid treffast på telefon.  Om ferieturen går forbi Voss kan du gjerne ta turen innom på vitjing.