Velkommen til Voss jordbruksskule

Helsing frå rektor

Velkomen til Voss jordbruksskule! 

Som rektor ved skulen ynskjer eg alle velkomne til Voss jordbruksskule og til skuleåret 2011-2012

Få dagar i året har så mange forventningar og så mykje spaning i seg som første skuledagen; og mest spennande er det nok for dykk som er nye elevar her ved skulen; og eg ynskjer  spesielt dykk  hjarteleg velkomne til Voss jordbruksskule

Korleis verda om nokre år vil sjå ut, er det ingen av oss som veit. Kva slags kunnskapar som vil bli nødvendige og etterspurde, kan vi heller ikkje me sikkerheit vita i dag.  Den digitale og globale verda me lever i, utviklar seg i eit tempo me aldri før har sett. Og det same gjer kva krav og kompetanse arbeidslivet krev av oss.  Eit godt døme på kor rask t. d kunnskapsutviklinga går,  er at 90% av den kunnskapen me har om den menneskelege hjernen – ja, den har me fått og er utvikla dei 10 sist åra! Men me veit noko! Me veit at dei menneska som er i stand til læra, som kan samarbeida og kommunisera med andre, både i og utanfor landet, som har tillit til eigne evner og har pågangsmot for nye oppgåver, har gode arbeidsvanar, innsats og positive haldningar   -- dei vil vere i stand til å møta og makta dei utfordringane som framtida heilt sikkert vil krevja av oss.

Alle  de som møter fram til første skuledag her på VOJ, har sjølvsagt ulike forventningar. Men eg trur likevel at kvar og ein av dykk har eit ønske om at kommande skuleår skal bere i seg noko godt for deg sjølv. Noko som du kan veksa på, noko som du  kan gle deg over, noko som du kan vere stolt over å ha greidd, noko som viser at eg har klart å nå måla mine.

Og då er det viktig for meg som rektor  å streka under at skulen på si side må ha lov til å ha klare forventningar til dykk elevar; faglege forventningar så vel som sosiale forventningar.
Skulen kan aldri lykkast dersom ikkje elevane sjølve er villige til å gjere ein innsats, både for seg sjølve og for den læringsfellesskapen dei er ein del av. Me må våga å seie at læring er arbeid – av og til er det hardt arbeid!
Og når eigeninnsats blir kombinert med hjelp, oppmuntring konstruktive framovermeldingar frå kulen, ja; då er det mogleg å setja seg høge mål og arbeida mot å nå desse måla. Det er difor ei sterk oppmoding eg kjem med no til alle; både nye elevar og til dykk som går 2. eller 3.året:Bruk dei unike moglegheitene de har no  dette skuleåret til å skaffa dykk mest mogleg kunnskap, både teoretisk og praktisk kunnskap. Bruk dei unike moglegheitene de har no til å læra og praktisera gode haldningar og ferdigheitar!Sjansen er her no!
Og med litt omskriving av president Barac Obama sitt slagord – kan eg  - når eg no ser ut over 150 kunnskapshungrige elevar sei: YES YOU CAN!

Skal du ha eit kunnskapsløft dette skuleåret, må du vera veldig aktiv i læringsprosessen. Kvar dag og kvar time. Og på same måte som eg som rektor forventar at alle tilsette kvar dag gjer sitt beste for dykk som elevar  – så forventar eg faktisk at du som elev er engasjert og aktiv i læringsarbeidet. Heile tida. Ja, eg forventar at du gjer ditt beste. Det er nemleg det dette handlar om! Enten du er best på teori eller praksis - Gjer det du kan – det er det som vert forventa av deg.

Gjer du det - skal eg på vegne av alle tilsette lova  at me resten av skuleåret, kvar einaste dag og i kvar einaste undervisningstime,  skal  leggja forholda best mogleg til rette  og tilpassa undervisninga slik at akkurat DU kan få utnytta dine evnene og anlegga du har. Då er konklusjonen for skuleåret eigentleg grei – den gjeld for oss alle – den er obamsk  - og den er:

YES WE CAN!

Svein Inge Styve

rektor