Velkommen til Voss jordbruksskule

Om skulen

Voss jordbruksskule vart grunnlagt i 1948 som ein fagskule for landbruket og med eit hovudmål: Landbruksutdanning for odelsgutar!  I dag er ei slik målsetjing berre ein kuriositet. Dagens skule gjev spanande tilbod til jenter og gutar som er interesserte i landbruk,dyr, natur og miljø.

Skulen ligg sentralt til på Gjerde i Skulestadmo, omlag 3km frå sentrum.

Skulen kan tilby gode vilkår for praktisk og teoretisk utdanning, og elevane sin teoretiske kunnskap kan koplast saman med praksis. Praktiske øvingar føregår på skulen sine eigne nærområde på dei 3 gardane ein har, men like viktig er fjellområda knytt dei to stølane våre i Brekkedalen på Vossesrand og på Preststølen under Lønehorgi.

Voss jordbruksskule har rundt 170 elevar, og dei fleste av desse fyl eit 3-årig utdanningsprogram. Skulen har vidare eit utdanningstilbod til elevar som ynskjer eit meir tilrettelagt tilbod på Vg1, der dei kan bruka eitt år ekstra før dei byrjar på Vg2. Tilbodet på den tilrettelagte opplæringa er innan programområda naturbruk, bygg og anlegg og teknikk og industriell produksjon.