|
VG 1
Generell innføring i mange villmarksaktivitetar, inkludert teknikk og bygdetradisjon. 35 veketimar fordelt på 12 t generelle skulefag og 17 t villmarksliv, og du får 7 t fordjuping innan eit valfritt emne. Villmarksliv legg vekt på fjellturar, jakt og fiske, klatring, padling, rafting og brevandring. |
VG 2
Sentralt dette året er fordjuping i enkelte villmarkstema, og ein lærer å verta guide innan rafting, padling, ski, klatring, jakt og fiske.
I tillegg vel du fordjuping innan jakt og fiske eller bratt villmarksliv (klatring, toppturar og elverafting/padling). |
VG 3
Dette året tek ein generell studiekompetanse. Det vert ein stor del fellesfag (norsk, historie,engelsk, matematikk ), i tillegg til studieretningsfaget naturforvaltning. Dersom du vel ekstra matematikk og naturfag dei to fyrste åra, kan du få spesiell studiekompetanse tredje året. |